Hopp til innhald

Burny Mattinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burny Mattinson
Fødd13. mai 1935
FødestadSan Francisco
Død27. februar 2023 (87 år)
DødsstadCanoga Park
FødenamnBurnett Mattinson
Verka somstoryboard-artist, filmregissør, filmprodusent, character animator, manusforfattar, animatør
EktefelleSylvia Mattinson
PrisarDisney Legends, Winsor McCayprisen

Burnett «Burny» Mattinson (13. mai 193527. februar 2023) var ein amerikansk storyboardkunstnar. Han arbeidde for Walt Disney Animation Studios i ei årrekkje etter at han blei tilsett der i 1953. Han var lenge offisielt den lengst tilsette medarbeidaren ved The Walt Disney Company.[1]

Mattinson blei utnemnd til ein av Disney Legends i 2008.[2]

Mattinson blei fødd i San Francisco i 1935. Faren, Bernie Mattinson frå Canada, var jazztrommeslagar, og turnerte med storbandet til Horace Heidt. Mora, Hannah Estevez, hadde budd i San Jose i California, og arbeidde ved eit konsertlokale der ho møtte trommeslagaren. Kort tid etter blei dei gifte. Begge foreldra var av britisk avstamming.[3] Før han var seks tok mora Mattinson for å sjå teiknefilmen Pinocchio (1940) ved Orpheum Theatre i San Francisco.[4] Guten blei fengsla av animasjonen, og byrja å øva seg på å teikna Disney-figurar gjennom heile skuletida. I 1945 flytta familien til Los Angeles etter at storbandet faren spelte for blei oppløyst.[3]

Etter å ha fullført high school, spurte mora Mattinson kva han ville arbeida med. Han svarte at han tenkte på å prøva seg hjå Disney, «I will go over there and see about getting a job.»[4] Mora køyrde han til Disney-studioet, der Mattinson gav kunstporteføljen sin til ei vakt. Vakta fortalde han at han ikkje kunne koma inn utan ein avtale, men bladde gjennom eksempla til Mattinson, og blei imponert nok til å ta kontakt med personalsjefen Ken Seiling. Det var ingen ledige stillingar i animasjonsavdelinga, men Mattinson fekk ei stilling i ei anna avdeling.[5]

Mattinson blei lært opp av Johnny Bond, ein in-betweener, det vil seia ein animatør som lagar mellombilde mellom to hovudbilde i ein animasjon. Etter seks månader byrja Mattinson som in-betweener for Lady and the Tramp (1955).[4][6] Etter utgjevinga av filmen blei dei fleste animatørane sagde opp, men Mattinson blei assistentanimatør for Johnny Walker for Marc Davis sitt prosjekt Sleeping Beauty (1959). Etter at Walker forlet jobben, fekk Mattinson stillinga hans.[3] Han arbeidde med figuren til den vonde heksa, Maleficent. Mattinson sa om utforminga av karakteren: «We purposely kept her controlled and quiet and we let her dialogue do her acting for us. The reason for this was that we wanted to use those moments of when she exploded as accents that would frighten the audience. We kept her sweet, nice and controlled and then let her blow up on purpose.»[7]

Mattinson laga in-between-animasjon for One Hundred and One Dalmatians (1961). Han teikna også illustrasjonar til bokversjonen av filmen i Little Golden Books-serien. Etter ein ny runde oppseiingar blei Mattinson gjeven eit nytt oppdrag som assistent for Eric Larson.[4] I Larson si gruppe animerte han Ludwig von Drake for fjernsynsserien The Wonderful World of Color.[4] Deretter følgde The Sword and the Stone (1963), Mary Poppins (1964), The Jungle Book (1967) og The Aristocats (1970).

På 1970-talet hadde Disney eit internt opplæringsprogram for å læra opp assistentanimatørar. Mattinson tok del i dette programmet, og laga ein animasjonstest innan åtte veker. Animasjontesten hans av Prince John frå Robin Hood (1973) blei godkjend, og Mattinson blei figuranimatør under Ollie Johnston.[4] Deretter arbeidde han på Winnie the Pooh and Tigger Too (1974), der han animerte Kanga, Roo, Tigger og Rabbit.[8] Animatøren Frank Thomas hadde merka seg Mattinson sine miniatyrskisser, og føreslo at han skulle arbeida med The Rescuers (1977). Mattinson utarbeidde så storyboard og designa titlane til filmen. Han gjorde det same med The Fox and the Hound (1981) og The Black Cauldron (1985).[4]

Til The Black Cauldron (1985), hadde han, Mel Shaw, og fleire andre kunstnarar laga stoyboard for fleire sekvensar frå dei fyrste to bøkene av The Chronicles of Prydain. Under eit møte kritiserte regissørane ein sekvens Mattinson hadde laga storyboard for, og meinte han ikkje var klar til å byrja produksjon. Mattinson, som var kjend som ein godmodig person, eksploderte i sinne, og var deretter redd for at han hadde sett Disney-karrieren sin i fare.[9] Då han kom heim frå jobb var han nedstemd, og fortalde kona si Sylvia kva som hadde skjedd. Ho minna han om eit prosjekt Mattinson hadde vore interessert i, og bad han gjera noko med det – «stop talking and start doing».[10] Mattinson hadde lenge ønska å utføra eit prosjekt med «Fab Five»-figurane (Mikke, Minnie, Donald, Langbein og Pluto). Han hadde høyrt på eit Disneyland Storyteller-album frå 1974 kalla An Adaptation of Dickens' Christmas Carol Performed by the Walt Disney Players skrive av Alan Young, som også gav stemme til Skrue McDuck).[11]

I mars 1981, oppmuntra av kona, sende Mattinson eit presentasjonsbrev på to avsnitt i lag med albumet til den dåverande leiaren for Disney, Ron Miller. Neste dag bad Miller Mattinson han om å koma inn på kontoret sitt, og spurde han sint om brevet. Mattinson forsvarte ideen sin, og Miller avslørte at han berre spelte, erklærte at det var ein flott ide og godkjente prosjektet. Mattinson blei regissør og produsent for Mickey's Christmas Carol, som kom ut i 1983.[12] Ifølgje Mattinson var prosjektet opphavleg tenkt som ein 24-minutt lang fjernsynsepisode som kunne sendast årleg frå jula 1982, men ein streik blant animatørane det året forseinka produksjonen.[13] Filmen blei seinare gjeven ut som kortfilm på kino i lag med gjenutgjevinga av The Rescuers (1977) i 1983. Filmen blei nominert til Oscar for beste animerte kortfilm i 1984, men tapte for Sundae in New York (1983).

Suksessen til Mickey's Christmas Carol førte til at Mattinson blei hyra som regissør for The Great Mouse Detective (1986).[2] I 1984, under produksjonen, blei Miller tvinga ut som leiar for Disney og erstatta av Michael Eisner og Frank Wells. Roy E. Disney, som hadde vore leiar for animasjonsdepartmentet, erstatta Miller som produsent med Mattinson. Men rolla som både produsent og medregissør blei for mykje for Mattinson, og han valde å berre vera produsent. Ron Clements, som då var story-artist, blei henta inn som medregissør.[14] Under produksjonen av Oliver & Company (1988) flytta Mattinson til Orlando i Florida for å arbeida ei kort stund ved Disney-MGM Studios ved kortfilmavdelinga deira. Der valde dei tilsette, på leit etter eit nytt prosjekt, å fullføra ein kortfilm om Mikke Mus kalla Plight of the Bumblebee. Nokre år før, i 1981, hadde Daan Jippes funne fleire delar av dette prosjektet, mellom anna det ferdige lydsporet. Gruppa filma ein presentasjon for Disney-leiarane, men leiaren for studioet Jeffrey Katzenberg valde å ikkje fullføra prosjektet.[15][16]

På 1990-talet var Mattinson storyboard-kunstnar på nesten alle Disney-filmane som blei gjevne ut på kino, som Beauty and the Beast (1991), Aladdin (1992), og The Lion King (1994). Rundt denne tida byrja han å samarbeida med Joe Grant, som han fyrst hadde møtt under laginga av Beauty and the Beast (1991). Dei to blei saman med storyboard-kunstnaren Vance Gerry kjende som «Geriatricals» ('Gamlingane'), og utvikla idear frå barnebøker og nylaga forteljinga som dei prøvde å få laga film av.[17] Ein av dei forkasta ideane Mattinson utvikla med Grant var Bitzy, som handla om ein indisk elefant som drog heimefrå for å prøva lukka i Hollywood, men i staden ende opp tilsett ved ein bruktbilbutikk og forelska seg.[18] Mattinson var head of storyDumbo II, eit prosjekt som etterkvart blei kansellert av John Lasseter.[19]

I 2008 blei Mattinson tildelt Disney Legends Award.[2] Eit år seinare bad regissørane Stephen J. Anderson og Don Hall han om å arbeida som story supervisor på Winnie the Pooh (2011), sidan han hadde arbeidd med desse karakterane på 1960-talet.[20] I mars 2011 kunngjorde Mattinson at han hadde ein ide for ein film i full lengd med Mikke Mus som hovudfigur.[21]

Year Title Rolle
1955 Lady and the Tramp Inbetweener (ikkje kreditert)
1958 Paul Bunyan Figuranimatør (ikkje kreditert)
1959 Sleeping Beauty Figuranimatør (ikkje kreditert)
1960 Goliath II Figuranimatør (ikkje kreditert)
1961 101 Dalmatians Inbetweener (ikkje kreditert)
1963 The Sword in the Stone Figuranimatør (ikkje kreditert)
1964 Mary Poppins Inbetweener (ikkje kreditert)
1966 Winnie the Pooh and the Honey Tree Animatør
1967 The Jungle Book
1968 Winnie the Pooh and the Blustery Day
1970 The Aristocats
1971 Bedknobs and Broomsticks Inbetweener (ikkje kreditert)
1973 Robin Hood Figuranimatør
1974 Winnie the Pooh and Tigger Too Animatør
1977 The Many Adventures of Winnie the Pooh
The Rescuers Story
Pete's Dragon
1978 The Small One
1981 The Fox and the Hound
1983 Winnie the Pooh and a Day for Eeyore Animatør
Mickey's Christmas Carol Writer/Director/Producer
1985 The Black Cauldron Additional Story Contributions
1986 The Great Mouse Detective Writer/Director/Producer
1987 The Brave Little Toaster Additional Story Contributions
1988 Oliver & Company Special Thanks
1990 The Prince and the Pauper Storyboard Artist
1991 Beauty and the Beast Story
1992 Aladdin
1994 The Lion King
1995 Pocahontas
1996 The Hunchback of Notre Dame
1998 Mulan
1999 Tarzan
2008 Tinker Bell
2011 Winnie the Pooh Story Supervisor
2014 Big Hero 6 Story Artist
2018 Ralph Breaks the Internet Additional Story Artist

Mattinson gifta seg med Sylvia Fry, som også arbeidde som in-betweener på Sleeping Beauty (1959).[3] Dei har tre barn.[2]

  1. «The Walt Disney Company Honors its Longest-Serving Employee». The Walt Disney Company (på engelsk). 18. juni 2018. Henta 20. juni 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Legend Bio: Burny Mattinson (animation)». D23. 2008. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Stahl, Scarlett (January 8, 2003). «An Interview with Burny Mattinson». Laughing Place. Henta February 24, 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Kaytis 2006.
  5. Vagnini, Steven (February 27, 2017). «5 Fascinating Facts—Disney Legend Burny Mattinson». D23. Henta February 24, 2022. 
  6. Clay Kaytis (June 26, 2006). «Show 016 – Burny Mattinson, Part One» (Podcast). The Animation Podcast. Hendinga finn stad ved 09:51. Henta August 11, 2022. 
  7. Noyer, Jérémie (October 9, 2008). Once Upon A Dream: Burny Mattinson on Sleeping Beauty's Maleficent. Animated Views. (Interview). Henta February 24, 2022. 
  8. Noyer, Jérémie (October 22, 2011). Winnie the Pooh and Burny, too: a chat with animation legend Burny Mattinson. Animated Views. (Interview). Henta February 24, 2022. 
  9. Clay Kaytis (September 4, 2006). «Show 017 – Burny Mattinson, Part Two» (Podcast). The Animation Podcast. Henta August 11, 2022. 
  10. Cain, Scott (December 2, 1983). «Mickey makes a comeback». The Atlanta Journal-Constitution. s. 1P, 3P. Henta August 11, 2022 – via Newspapers.com.  open access
  11. Korkis, Jim (December 25, 2020). «'Mickey’s Christmas Carol' (1983)». Cartoon Research. Henta August 11, 2022. 
  12. Clay Kaytis (September 4, 2006). «Show 017 – Burny Mattinson, Part Two» (Podcast). The Animation Podcast. Henta August 11, 2022. 
  13. Ashton, William H. (December 25, 1983). «Slipping moviegoers a new Mickey». The Miami Herald. s. 1L, 4L. Henta August 11, 2022 – via Newspapers.com.  open access
  14. Korkis, Jim (February 23, 2011). «How Basil Saved Disney Feature Animation: Part One». USA Today. Arkivert frå originalen July 12, 2014. Henta August 11, 2022. 
  15. Clay Kaytis (May 16, 2007). «Show 018 – Burny Mattinson, Part Three» (Podcast). The Animation Podcast. Hendinga finn stad ved 24:34. Henta August 12, 2022. 
  16. Korkis, Jim (August 19, 2019). «Mickey Mouse in 'Plight of the Bumblebee'». Cartoon Research. Henta August 12, 2022. 
  17. «Vance Gerry». Variety. March 8, 2005. Henta August 11, 2022. 
  18. Gettleman, Jeffrey (May 27, 2000). «Hollywood's 'Grays' Defy Culture Fixated on Youth». Los Angeles Times. Henta August 11, 2022. 
  19. Armstrong, Josh (June 3, 2014). «Buried Treasure: The ill-fated voyage to Treasure Planet 2». AnimatedViews. Henta August 11, 2022. 
  20. King, Susan (July 13, 2011). «New 'Winnie the Pooh' movie goes back to its Hundred Acre Wood roots». Los Angeles Times. Henta August 11, 2022. 
  21. Connelly, Brendon (24. mars 2011). «SCOOP: Mickey Mouse's First Feature Length Film Being Developed At Disney». Bleeding Cool. Arkivert frå originalen 25. mars 2011. Henta 24. mars 2011.